mandag 7. desember 2009

Lost in Translation


Ï læreboka til kurset i internasjonal engelsk (vg2) finst det ein temmeleg grundig gjennomgang av filmanalyse. Boka nyttar "Lost in Translation" som døme, og eg kjøpte den derfor med dei elevane i tankane. Filmen handlar om ein middelaldrande mann og ei ung kvinne som møtest i Japan, og som opplever språk- og kommunikasjonsproblem på fleire nivå. Det er ein noko langdryg eller langsam film, men den er fin på mange måtar òg. På coveret står det at den er "hysterically funny", og det er den ikkje.

1 kommentar:

  1. Meiner eg har sett denne filmen eller delar av den, men er ikkje sikker. I dag såg eg ferdig`"Engler og demoner" på DVD-og konklusjonen er sjølvsagt at boka er mykje betre og meir spennande.Dei bilda ein lagar sjølv er best.No kan det vere at filmen hadde blitt betre på stort lerret, enn som ei smal stripe på 32 tommaren.

    SvarSlett