Eg har eit sett med nissar av typen som ligg inne i kvarandre - det er fire nissar og eit juletre, kjøpt i Praha. I dag stod Minstemann og fikla med desse, og putta juletreet og den minste nissen inn i den nest minste. "Det e jo berre tredje nisse i advent", var kommentaren. Dermed starta han ein ny tradisjon - heretter tek vi dei truleg ut etter kvart som vekene går fram mot jul.
Og ein ny tradisjon er etablert..? God idé i alle fall.Men kjem ALLE med sekk og juletre?
SvarSlettArig!
SvarSlettNaboane våre på Engeset hadde ei sånn babushjka(?) som eg beundra stort.
I Praha hadde dei alle slags variantar - også presidentar i Sovjetunionen!
SvarSlettUlike inni kvarandre, eller?
SvarSlettJa! Angrar litt på at eg ikkje kjøpte den - alltid vanskeleg med sære souvenirar; som oftast misser dei lmykje av verdien når ein kjem heim.
SvarSlett