
Av kulinariske opplevingar kan eg nemne svele på ferja, orientalsk tapas på "Sunn og Nam" (dummaste namnet på ein restaurant, men god mat) kaffi på Statoil og ein bringebærsjokolade på deling.

Den mildt sagt voluminøse papirutgåva er på over 600 sider, og lydbokutgåva er på over 19 timar til saman. I mine øyre vart dette litt for mykje av det gode. Spesielt i Del 2, som omhandlar perioden fram mot 1990, og som eg syntest var langt mindre interessant enn Del 1, som handla om livet på Helgeland i 1927 og framover eit stykke. Livet i Groruddalen på 60- og 70-talet er noko "oppbrukt" etter kvart, synest eg. Likevel skaper forfattaren personar det er lett å bli kjend med og føle empati for. Prosjektet er å skrive om framveksten av ein sosial klasse, og det lukkast forfattaren i.
På barnebokfronten er eg inne i ein klassikarperiode, både for at Gamla skal få oppfriska gamle minne, og som danning av dei søte små. Sjølv hugsa eg "Den løyndomsfulle hagen" frå min eigen barndom, både som bok og tv-serie, men det var kjekt å dele min eigen entusiasme med dei tre yngste. Eigentleg er ikkje boka så ulik "Heidi" i bodskap: born blir sjuke, svake og sjølvopptekne av å verte overbeskytta inne, men friske, sterke og omgjengeleg dersom dei får vere mykje ute i frisk luft og helst grave litt i jorda.