lørdag 6. mars 2010

Tolmodets ferjereiser

Denne veka har den vanlege ferja vår, "Folkestad", vore erstatta av den langt mindre "Lauvstad". Med mindre kapasitet vert køane naturleg nok lengre, og når nokon til alt overmål stengjer vegen i Geislida på grunn av ras eller rasfare, vert køane heilt avsindige nokre gonger i døgeret. Tysdag kom ungane ein time for seint på korps, og i går måtte Gubben sjå to ferjer bli fylde og legge frå land før han endeleg fekk vere med. Sjølv vart eg berre ein halv time forseinka.


Å ta ferje kan vere koseleg og sosialt, eller ein kan stengje seg inne i bilen med ei bok og slappe av. Ferjekøen kan òg opplevast positivt som ein uventa pust i bakken, men det er forargeleg og stressande dersom nokon ventar på ein på den andre sida. Kan hende kunne ein bli flinkare til å setje att bilane på Folkestad og gå til jobben i Volda? Dessverre slår denne tanken meg ofte litt seint; til dømes då ferja la frå kai fredag ettermiddag utan at eg fekk bli med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar