Når ein blir sytten år på ein heilt vanleg tysdag, må ein skvise inn familiefeiringa ein stad mellom skuleslutt og systera sin ballett-time. Heldigvis er det fleire som er villege til å lage eit godt måltid til gjengen, og valet i dag var kinesisk mat (bortsett frå Minstemann, som åt karbonader og ris). Jubilanten sjølv valde innbakt kyllingfilet, og til dessert vart ho introdusert for delikatessen "frityrsteikte bananar" - noko som såg akkurat ut som den kyllingfileten ho nettopp hadde ete.
DEt er koselig å gå på Landscape, men sist vi var der, var vi litt uheldige med maten vi bestilte. Synd at Kina-restauranten her er nedlagd.
SvarSlettVi har begynt å sjå TRE RETTERS MIDDAG KLOKKA HALV ÅTTE på TV Norge. Har sett eit liknande program på TV 3 før, men dette er stiligare.Eg synest eg lærer mykje om det å halde selskap, så kanskje får eg inspirasjon til meir selskapeligheit? Blir i alle fall veldig svolten etterpå!
Ingeborg og eg har no brukt å feire fødselsdagane våre i lag, så det skal vi gjere i år også!
Det er min yndlingsdessert på kinarestaurant! Eg må innrømme at min eigen 17-årsdag hugsar eg ikkje. Det er kanskje ein alder ein ikkje feirar så mykje. No har vi no bloggane som dokumenterer samtida. Her kan lite verte gløymt.
SvarSlettGratulerer med eldstejenta!
SvarSlett