søndag 21. mars 2010

Så kom sola

Laurdagen var regnfylt og grå, så då passa det godt å sitje inne først i ein frisørsalong og deretter i kinosalen. Då vi vakna i dag, skein sola frå knallblå himmel, så det var berre å stappe i seg frokosten og kome seg ut. Kameraet hadde vi ikkje tilgjengeleg før vi var på heimveg, defor blir det ingen ordinære turbilete i dag.

Dei mest skarpøygde der ute ser kanskje at alle ungane er nyfriserte til påske, og at våren er komen. Det er heilt utruleg at vi brukte snøracer på vegane sist søndag!

2 kommentarer:

  1. Meir vårleg der inne enn her på Vallabøen. Ser at Nina har funne snøklokker, her står dei framleis under ein meter snø. Men eg har lagt på solsenga på altanen i dag!
    Ungane se fine ut på håret,Eirik har blitt så "vaksen" siste året.

    SvarSlett