søndag 7. mars 2010

Søndag og sørpeføre

Dagens trim var å la hundane drage snøraceren - igjen. Framleis ligg det såpass mykje snø att på vegane at det gjekk an å bruke hundane til trekkhundar, og eg trur nesten fartsgrensa langs vegen vart brota eit par gonger. Det er spesielt Bianca som er ivrig etter å trekke, men når dei er to, vert instinktet forsterka hos begge. Hundar kan drage si eiga vekt, men det er viktig at dei er fullt utvaksne og fri for hoftefeil. Ein bør heller ikkje begynne med denne typen mosjon utan at hundane er i god form frå før, og dei må ikkje få mat seinare enn to timar før eller tidlegare enn to timar etter slike turar. Det gjeld eigentleg all mosjonering, men ein liten rusletur kan dei sjølvsagt tole.

1 kommentar:

  1. Det minkar vel på sparkeføret både her og der etter kvart, men eg trur vi har snø til jonsok!

    SvarSlett