onsdag 10. mars 2010

Fornemmelse av snø

Frionsdagen vart ikkje så strålande som vi etter kvart er blitt vane til, men vi tok oss ein tur i skogsvegen med hundar og akebrett. Mange er lei av snø no, men for ungane medfører snøen mange aktivitetar som dei elles ville ha gått glipp av. Dei to minste laga ein snøhund, som dei levande hundane hoppa sund, og Nummer 2 aka på "Blåbærhaugen" (som de kanskje veit har vi laga eigne stadnamn fordi vi ikkje kjenner dei opprinnelege). Hundane fekk rikeleg med mosjon og var like reine og fine då dei kom heim (nok ein fordel med snø).

2 kommentarer:

  1. Det var då vi hadde Nadja at eg blei glad i snø.....Snøen er tross alt ganske rein på våre kantar.Men eg trur vi skal bli leie før denne fer bort. Er det nummer 3 som er så flink å skrive? Ram det inn!

    SvarSlett
  2. Ja, den notisen frå Nummer 3 var minneverdig.

    SvarSlett