I kveld har eg vore på teaterframsyning i Ørsta, der Riksteatret sette opp "Sangen om den røde rubin" av Agnar Mykle. Ei flott framsyning, der særleg hovudrolleinnehavaren Mattis Herman Nyquist gjorde ein flott figur av den sjølvhøgtidelege studenten Ask Burlefot.
Hugsar rabalderet då boka kom ut, og alle som kjøpte boka utan å lese meir enn div. utvalde sider.Eigentlig er boka både tjukk og tung- på meir enn ein måte.Kan ikkje akkurat sjå for meg korleis dei har greidd å lage sceneversjonen.(Las boka om att i lydbokutgåve for ikkje alt for lenge sidan).
SvarSlettJa,tidene har forandra seg, no går alt an. Eg hadde ei ett år eldre skulevenninne i barneskulen som hadde boka - og vi beundra henne.
SvarSlettNyleg har filmen "Lady Chatterlys elsker" gått på Canal+. Ein fin film, hugsar at denne boka også var på "kanten".
Ja, der er andre grenser for kva som er sømelig no enn i vår ungdom!
SvarSlettDet er no bra-berre det ikkje går for langt den vegen.Boka Lady Chatterlys elsker har eg lese for lenge sidan.Den var no ikkje så "vågal" etter mi meining.
Men det er typisk at folk, særlig før, var veldig skeptiske til sex i filmar og bøker, mens skyting og drap var akseptert.