torsdag 18. mars 2010

Bok 9 2010: "Seierherrene" av Roy Jacobsen

Dette er ein roman eg lenge har hatt lyst til å lese. På baksida av omslaget vert den skildra som "slektskrønike, samtidshistorie og ikke minst generasjonsroman" - altså eit slags litterært kinder-egg. Eller?

Den mildt sagt voluminøse papirutgåva er på over 600 sider, og lydbokutgåva er på over 19 timar til saman. I mine øyre vart dette litt for mykje av det gode. Spesielt i Del 2, som omhandlar perioden fram mot 1990, og som eg syntest var langt mindre interessant enn Del 1, som handla om livet på Helgeland i 1927 og framover eit stykke. Livet i Groruddalen på 60- og 70-talet er noko "oppbrukt" etter kvart, synest eg. Likevel skaper forfattaren personar det er lett å bli kjend med og føle empati for. Prosjektet er å skrive om framveksten av ein sosial klasse, og det lukkast forfattaren i.

Apropos "oppbrukt", så er det Bjørn Sundquist som les, men det fungerer svært godt. I byrjinga les han med tydeleg nordnorsk dialekt, og i Del 2 les han på bokmål med ein del restar av nordnorsk.

Kort oppsummert: eg likte boka godt i byrjinga, men gjekk noko lei mot slutten. Idealet er det motsette.

1 kommentar:

  1. Eg synest å hugse at eg likte denne boka ganske godt, men for sikkerheits skuld måtte eg tilbake og sjå kva eg hadde skrive om den på bloggen.
    Der såg eg at eg faktisk hadde likt siste delen best i motsetnad til deg.
    Men ein ting er vi samde om -boka er lang! Og ein ting til:Mykje av dette er det skrive mykje om før.Men eg tykte boka var lett å lese og lett å fordøye.

    SvarSlett