søndag 14. mars 2010

On the road again...

Dei fleste synest det har vore nok vinter, men eg er glad så lenge det er snø, faktisk. Det gjer det så lyst og reint, og hundar og ungar har så mykje meir moro. I dag vart det ikkje brøyta på vegane før 12.30, og då var vi komne ut på tur for lengst. Etter at OE hadde vore der og rydda vegen vart det mykje lettare for hundane å drage snøraceren, og lettare for oss hine å gå. Vel, for Minstemann var det nesten umogleg å gå på heimveg, så då var det Gamla som var trekkhund. Finnmarksløpet neste?

1 kommentar:

  1. Snøen er heilt OK den så lenge han LIGG-problemet er at den MÅ smelte.......

    SvarSlett