I dag har familien (minus Eldstejenta) og eit par kompisar av Nummer 2 vore på Reset. Dei hine tok trekket, medan eg berre tok meg eit par rundar i turløypa før Nummer 3 og eg henta Eldstejenta og drog på mathandel.
Ungane har fått dilla på pastasalat, så det stod på menyen i kveld òg. Som de ser av biletet, serverer eg dei ingrediensane som ikkje alle likar i små skåler utanom salaten, slik vi plar gjere når vi har tacos. Personleg trur eg ungane et meir grønsaker når dei får forsyne seg etter eige ønske.
Vil du ha oppskrifta? Den er stor, for vi likar godt restar til frokost/lunsj. Oppskrifta held til to måltid for ein gjeng som oss.
Pastasalat:
1 kg pasta
1 1/2 beger lettrømme (eg hadde eit halvt beger med kesam)
1 salathovud
1 boks skinke
1 glas fetaost i olje + litt av oljen
1 boks mais
1 paprika
1 neve cherrytomatar
oliven med paprika
1/2 agurk
No er det lenge sidan vi har hatt patasalat! Trur eg har alle ingrediensane ... Tips:Vi bruker egg i båtar til. Ein gong eg serverte dei ved sida av, forsvann egga først.
SvarSlettHøyrest godt og sunt ut. Her går det litt vilt for seg på matfronten for tida, dvs. vi et for mykje og for godt!!! Apropos-vi skal ha hjort i morgon. Vilt nok?
SvarSlettEg vurderte egg, men ungane hadde ete det til frokost.
SvarSlett