tirsdag 5. oktober 2010

Knerten gifter seg

På søndag vart som kjent kinoplanane våre endra på grunn av brann. I dag hadde vi først ein roleg dag med kompisbesøk for Minstemann medan jentene var hos naboen, og så tok vi oss ein enkel middag før vi reiste til Volda. Eldstejenta vart med, og så lånte vi med oss eit par naboungar i tillegg til mine to yngste. I fjor vart vi begeistra over den første Knerten-filmen, og eg trur eg vart nesten like begeistra denne gongen. Godt skodespel, morosame effektar og ei spennande historie! Også denne gongen er her ein herleg scene som viser til ein kjend film, nemleg den der filmen som eg ikkje kjem på tittelen på... Om dei to kvinnene som rømer frå politiet fordi dei har drepe ein mann etter eit valdtektsforsøk... Tittelen var namnet på dei to kvinnene.... No kjem eg til å irritere meg grøn til eg får tips på ein kommentar! Hjelp meg!

I kveldinga fekk eg snike til meg ein liten gåtur i regn og vind før eg kjørte ut på Folkestad og henta Storegut, som har vore i Molde sidan laurdag saman med ein kompis. Det merkast i heimen at alle er samla, med høglydt song og dans til langt på kveld.

15 minutt seinare: googla "film +voldtekt +flukt +bil", og då dukka tittelen opp: "Thelma og Louise". 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar