lørdag 2. oktober 2010

Tur i fjøra, og til naboen.

I dag var det overskya, men utan nedbør. Minstemann og eg gjekk tur ned i fjøresteinane for å sjå etter haustteikn, fine steinar og skjel.




Veslejenta og venninna sykla til Folkestad for å gå på butikken, og etter kvart leika alle ungane fint ilag borte hos nabo T, medan vi mødrene prata og drakk kaffi. Gutane snekra monstertruck og jentene spikka - målet deira var først å lage sagmask til kaninburet, deretter å lage ein "Knerten". Ingen av produkta vart ferdige, men dei hadde det kjekt.

2 kommentarer:

  1. Koselige bilde.Synest ikkje det høyrest heilt trygt ut å la jentene sykle til Folkestad? Men eg veit lite om korleis det er å sykle på den vegen.

    SvarSlett
  2. Eg sykla til Folkestad saman med Veslejenta nokre gonger i sommar for å instruere henne om sykling i trafikken. Dei er flinke.

    SvarSlett