Viss ein kjører til Standalshytta, går det ei rås opp til ein dal som ligg spektakulært til mellom Kolåstinden og Sætretindane. Desse fjella har eg ingen planar om å sjå anna enn frå bakken, for dei er svært taggete. I dalen låg det restar av gamle steinras, og stemninga var nesten trolsk. Dessverre øydela skodda noko av utsikta i dag, og det var fuktig, sleipt og isete å gå. Dei nye gore-tex-skorne fungerer svært godt.
Vi har vore i Kvanndalen, men då gikk vi frå Bondalseidet.(På andre sida av riksvegen) Er det same dalen vi snakkar om?
SvarSlettDer er to Kvanndalar - ein med veg frå Bondalen, dette er den andre.
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettMen fargane i naturen er ofte like spennande i gråver. Likte særleg myrullbildet som berre løfter seg og forsvinn inn i skoddedisen.
SvarSlettAlle bilda var fine, kvar på sin måte. Men eg er veldig glad i myrull ....
SvarSlettEg er òg glad i myrull. Ein merkeleg plante, når ein tenkjer på det. Takk for fine ord om bileta!
SvarSlett