søndag 10. oktober 2010

Så var det på 'an igjen...

Nok ein ferie er overstått, og Gamla sit igjen med nasen i bøkene og prøver å legge opp ei undervisning som er til å leve med både for elevar og lærar i veka som kjem. Dagen i dag har for det meste gått med til skulearbeid, men ein skikkeleg søndagsmiddag vart det òg. Fårikål i dag igjen - det er berre så godt! Og så bevilga eg meg ein tur etter middag med ei lydbok på øyrene.

Ungane har ein travel kvardag med ballett, fotball, korps, 4H og musikkskule, så for dei har det sikkert vore godt å bremse opp tempoet litt. No startar hardkøyret fram mot jul, med konsertar og show, men fotballen blir litt slappare når vinteren kjem. På jobb blir det òg ein hektisk periode fram til jul, og i år skal vi i tillegg feire 100-årsjubileum.

Det har vore koseleg å vere alle samla i heimen fleire dagar i strekk, og vi ser fram til neste ferie. I delar av Noreg begynner ferien no, og eg ønskjer dei dette gjeld ei fin veke. Vi andre får berre brette opp ermane og skride til verket. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar