søndag 17. oktober 2010

Sønn-dag

Storegut skulle spele kamp i dag. Eg gjorde meg så og seie ferdig med skulearbeidet tidleg på dag, og deretter gjekk eg meg ein lang tur langs vegen før kampen - trudde eg. Men så fekk eg telefon om at kampen allereie var godt i gang , og at eg dessverre hadde fått opplysning om feil tidspunkt. Guten greidde seg imidlertid godt utan mora ringside: resultatet vart 3 - 3 med Storegut som målvakt. Han var godt nøgd med mellom anna å ha redda eit straffespark.





Minstemann har lært ein del om gradbøying av adjektiv i det siste:
Minstemann: "Han Pappa e den sterkaste i familien, men du Mamma e den snillaste. Men ka ej e i familien?"
Gamla: "Den minste? Søtaste?"
Minstemann: "Nei, den mest kristne"

1 kommentar:

  1. Minstemann er eit geni når det gjeld å ordlegge seg. Han har til og med fått med seg at somme adjektiv må bøyast ved hjelp av meir og mest. Når det gjeld sannheitsgehalten skal eg ikkje uttale meg om den.

    SvarSlett