mandag 11. oktober 2010

Mandag hele året

Eg lever til dels etter mottoet "en dag uten trening er en dag uten mening". I dag var planen å gå på "Tren" med Eldstejenta, men ho kjende seg dårleg og trøytt, så for henne vart det nok å ha to gymtimar og ein ballett-time i dag. Sidan vêret var såpass bra, fekk eg meir lyst til å gå tur ute enn inne. Eg stakk derfor innom G-sport og kjøpte meg eit nytt par goretex-skor, nedsett frå 999 til 399 kroner. For pengane eg sparte kjøpte eg meg litt nye klede. Sidan eg ikkje hadde noko som matcha det nye, måtte eg supplere med litt til... Det ville vere for ille dersom eg gjekk rundt og fraus på jobb, ikkje sant?

1 kommentar:

  1. Slik er det alltid; det eine dreg det andre med seg, det gjeld både klede og interiør. Men det var no eit veldig godt tilbod på Goretex,då.

    SvarSlett