lørdag 16. april 2011

Klar for påske


Eg likar påskepynt betre enn julepynt. Høner, egg, harar og klåre fargar som gult, grønt og lilla - det kan eg like. Medan Eldstejenta og venninnene dansa fredag, handla eg inn litt ny påskepynt. Då eg kom heim, hadde Pelle vore der og hengt ein pose på døra. I den låg eit velfylt påskeegg og eit kort der han takka for pass.

I kveld har eg tørka støv og sett utover noko påskepynt. Det er fint med helg, og finast av alt er første helga i ein ferie, når ein framleis har mange fridagar til gode.

3 kommentarer:

  1. Eg pynta litt tidlig i veka, men no kom eg på at eg har ein påskehandduk eg kan henge opp.Har ikkje så veldig mykje påskepynt, og når vi blir så mange at vi må ete på stova kvar dag, har vi ikkje så stor plass å pynte på. Orkidéane er i gult og lilla så dei passar automatisk inn.Påskeserviset på kjøkkenet er framme heile året, og heile kjøkkenet er i grunnen i påskefargar, så derfor........

    SvarSlett
  2. Fin duk!(Det andre også ...)

    SvarSlett
  3. Eg skal ha ein løpar i same mønster som duken - men kvar er den, skal tru?

    SvarSlett