tirsdag 19. april 2011

Slektstreff på Hareid





Broren min med familie er på Sunnmørstur i påska, og i dag samla vi oss til treff hos Systa på Hareid. Der var det pynta, kokt og steikt som vanleg, og på menyen stod svinesteik til middag og den obligatoriske karamellpuddingen til dessert. Kakebordet seinare var eit spleiselag, der eg bidrog med ei oreokake.



Søskena mine og eg hadde, for ein gongs skuld, heile familiane våre samla, og foreldra våre fekk oppleve å ha alle sine 11 barnebarn samla. Dessverre vart ikkje yngstemann med på samlebiletet fordi han sov akkurat då, men det er litt av ein flokk!

1 kommentar:

  1. Det er ikkje farleg å invitere når gjestene stiller med alle kakene! No sit eg og lurer på om eg vert svolten att snart ... Mange gode restar ...

    SvarSlett