lørdag 9. april 2011

This is the end - or at least the weekend

Etter engelskkurset var slutt fredag ettermiddag, stakk Kollegavenninne K og eg innom eit par butikkar før vi vende heim. Mitt einaste eigentlege ærend var å kjøpe eit nytt antrekk til Minstemann, som stadig veks ut av - eller slår hol i - buksene sine, og som skulle i selskap laurdag.

For sikkerheits skuld kjøpte eg to bukser, noko som kom vel med då den eine var "for posete". Skjorta vart godkjend utan protestar, men T-skjorta var han skeptisk til. "Det er Jim Morrison i Doors, eit kjempetøft band", sa eg, for å forklare motivet i fronten.

Svaret kom med dårleg gøymd skepsis: "går det an at et band er tøft når det heiter "Dørene"?"

4 kommentarer:

  1. Son of a teacher......Tøff kar!
    Men han ville vel ikkje hatt "Vassendgutane" på t-skjorta heller, kan eg tenkje meg.
    Høyrde du konserten i går? Heldigvis vart det også NOK for far din , så han slo av.

    SvarSlett
  2. Tøffe kle! Mi erfaring er at ein kan kjøpe det ein sjølv synest er tøft - til dei når ein viss alder.

    SvarSlett
  3. Eg somna under krimmen og vakna av Vassendgutane på TV. IKKJE MIN SMAK!

    Det er ganske vanleg med teikneseriefigurar og denslags på smågutaklede. For større gutar har dei satsa på ein del bandnamn, noko eg ikkje skjønar skal vere noko stort salstriks. Dressmann har ein kolleksjon med Rolling Stones-klede. Eg synest banda skal selje t-skjorter gjennom fanclubane.

    SvarSlett
  4. Etter alle band-namna på FB, leitar eg no etter eit godt engelsk namn på Vassendgutane. Konserten i går var verre enn noko eg har høyrt før frå den kanten. Så vidt eg greidde å skilje eine låten frå den andre.
    Apropos - så hugsar eg T-skjortene til Red Hot Chili Peppers, trur kleda hadde blitt tøffare om fanklubbane hadde designa og selt dei.

    SvarSlett