
I ei anna klasse har vi lese litt om Sør-Afrika og Nelson Mandela, og no ser vi filmen "Goodbye, Bafana" om Mandelas tid på Robben Island.
I det eg sat og følgde med i handlinga, syntest eg det var noko kjent med dei brune auga til fangevaktaren. Eg trengde ikkje vere nokon Poirot for å oppdage at han var den same Joseph Fiennes som spelte Shakespeare ni år tidlegare, og som eg såg i timen før. Begge filmane er svært gode, kvar på sin måte, og dei gir innsyn i fortida på ein måte det er vanskelegare å lese seg til.
Eg googla han og fann ut at bror hans og er skodespelar, kjent frå mellom anna Schindlers liste.
SvarSlettEg vart litt flau over at eg ikkje hadde sett det før, men fokuset hadde vore på Shakespeare og Mandela... Han spelar forresten i "Elizabeth" òg. Litt anonym type, men med nydelege, brune auge.
SvarSlett