søndag 5. februar 2012

Salat på søndag

I dag brukte eg det meste av dagen til skulearbeid og husvask. Det er deilig å gå til ny veke med reint og ryddig hus. Ute bles vinden, så eg orka for ein gongs skuld ikkje gå tur - noko ironisk fann eg etter kvart ut at det var nasjonal "Kom deg ut"-dag...

Søndagsmiddagen vart lett og enkel: pastasalat. Som tidlegare nemnt på bloggen lagar eg ein basissalat med pasta, rømme, isbergsalat, skinke og fetaost. Alle i familien likar desse ingrediensane. I tillegg lagar eg til små skåler med det som berre nokre av oss likar: agurk, tomat, oliven og paprika. Eg burde ha laga til ei skål med mais òg, men det gløymde eg visst. På denne måten unngår ein at nokon sit og plukkar i salaten, og eg innbiller meg at ein et meir grønsaker når ein forsyner seg med det i tillegg.

3 kommentarer:

  1. Heilt einig! Salatbar er tingen. Eg har lært at dei fleste et salat, agurk, paprika og mais. På skulekjøkenet seier eg at dei kan ha store bitar tomat, dvs. båtar.

    SvarSlett
  2. Eg synest cherry-tomatar er best og minst søl med.

    SvarSlett
  3. På skulekjøkenet er det veldig lurt. Eg kjøper det om eg kjem over rimelege. Heime er det snacks for meg.

    SvarSlett