onsdag 15. februar 2012

Lommerosk på konsert

I kveld var det musikkskule-konsert i Volda, og Storegut deltok både som gitarsolist og saman med bandet Lommerosk, der han spelar gitar og syng. Det var mange andre flinke deltakarar òg, så det vart ein flott konsert, trass i at det vart litt seint og vi fekk litt øyretopp. No ser vi fram til UKM om litt over to veker, der gutta skal delta med ein eller fleire av sine sjølvkomponerte songar.

1 kommentar:

  1. Høyrde på songen på FB, og sjølv om lydkvaliteten på laptoppen er heller dårlig, synest eg det høyrdest veldig bra ut. Håper vi har høve til å vere til stades på UKM-men då vil eg vere utstyrt med hørselsvern.

    SvarSlett