mandag 6. februar 2012

Ballett, middagsbesøk - og fleire kvite veggplater

I dag var det ballett-måndag med middagsbesøk i Ørsta. Vi fekk servert deilig "Pacman-suppe" og pannekaker, og så kvilte vi oss og prata før det var tid for ballett og handel. Dei tre yngste skal på skidag i morgon, så det vart litt ekstra å tenkje på.


I mellomtida har Barnefaren lagt kvite plater på tre av fire blå vegger på rommet til Minstemann. Eigentleg hadde vi tenkt å behalde rommet blått, men så var det noko slite, og vi løyvde nokre plater... Fint og lyst blir det i alle fall, og han skal få blå gardiner som kompensasjon.

2 kommentarer:

  1. Sjå på gardinene på bilde nr 18 og 19- Kanskje Minstemann ville like dei?

    SvarSlett
  2. Ja, eg har sett på dei :)

    SvarSlett