onsdag 1. februar 2012

Nok ein aktiv fri-onsdag

Fri-onsdagar kan brukast til nødvendige ærend som det er vanskeleg å få tid til elles. I dag skulle Minstemann til tannlegen, og han og eg tok oss ein tur på byen for å kjøpe diverse møblar og utstyr. Vi var dessutan innom biblioteket for å fornye utvalet vårt litt, ein klesbutikk for å fornye meg litt og ei leikebutikk for å gi ha løn for strevet. Guten avskyr shopping.

Vi kom heim fem minutt før søskena, så i dag måtte dei vente på maten. Etter kvart vart det lekselesing for store og små, og så for ungane på fotballtrening medan eg gjekk tur med lydbok på øyrene.

Barnefaren gjorde ein innsats i nyehuset i dag òg; no er det "millimetersarbeid" som listing og denslags som står for tur. Det viser ikkje så godt att som plating og golvlegging, men det må gjerast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar