mandag 8. oktober 2012

Bok 67 2012: "Sitt ned og hold kjeft - håndbok for deg som vil bli kvitt selvtilliten" av Knut Nærum

Knut Nærum er med i mitt absolutte favorittprogram på tv, "Nytt på nytt". Han har ein intelligent og slåande humor som eg har stor sans for.

I denne vesle boka (knapt tre timar) kjem han med mykje refleksjon rundt samfunnet vårt, og han er både slagferdig og ironisk på den tørrvittige måten ein kjenner frå programma. I tillegg les han teksten sin sjølv, ispedd lydeffektar og andre stemmer.

Eitt døme på slik humor er når han skildrar politisk interesse og engasjement og seier "det er ikke de som gir faen som begår folkemord". Han vitsar elles om alder, kjønn, hudfarge, kunnskap og andre eigenskapar som kan gjere at folk får sjølvtillit. Skulda for at så mange har eit overdrive sjølvbilete, legg han på Walt Disney.

2 kommentarer:

  1. Eg har absolutt sansen for Knut Nærum, så denne boka må eg få med meg.Det med Walt Disney gjorde meg litt nysgjerrig.

    SvarSlett
  2. Ja, eg kan behalde den til du har lagt inn på data. Det er kjekt med noko lettlese og humoristisk innimellom norskstilane...

    SvarSlett