lørdag 27. oktober 2012

Finst verbet "å pøssnø"?



Då sola skein så vakkert i nysnøen i føremiddag, la eg ut på tur med kamera for å få teke fleire landskapsbilete. Dessverre kom det ei byge som gøymde utsikta eit par timar medan eg gjekk tur, men eit lite bilete av fjorden vart det høve til. Dessutan fekk eg foreviga nokre av dei stirrigaste blada som framleis heng att på trea, og nokre nydelege gule som hadde gjeve etter og lagt seg føre i snøen.

Det er mange vakre fuglar å sjå no når sikta er betre i skogen, og eg vurderer å setje opp eit kamerastativ og henge opp fuglemat. Sånn viss eg skulle trenge ein hobby, liksom...

2 kommentarer:

  1. Her har fuglane flytta etter at vi har fått katt ...

    SvarSlett
  2. Ein veit ein bur på landet når ein sit med morgonkaffien og ser tre ørner segle forbi. LOL(a) har nok ikkje sjanse til å ta slike beist.

    SvarSlett