onsdag 10. oktober 2012

Gunnlaug Ormstunge

Eg har akkurat avslutta eit større rettingsarbeid, og dei fleste tekstane handla om islendingesoga om Gunnlaug Ormstunge.

Det er mange tekstar i litteraturhistoria som det er eit under at dei ikkje er blitt filmatiserte. Denne soga kunne ha blitt ein fantastisk film, for teksten inneheld alt ein kan drøyme om. Trekantmotivet står sentralt, men eg er meir fascinert av Gunnlaugs vinglete natur. Han ønskjer å gifte seg med den vakre Helga, men han går glipp av dette ekteskapet fordi han er vel så oppteken av å reise rundt og oppleve andre stader og oppnå ære. Han kunne ha blitt ven med Ravn, men hånar diktinga hans så han får ein uven og rival for resten av livet.

Ein skulle tru det var keisamt å leite fram att dei same klassikarane år etter år, men soga om Gunnlaug er like spanande kvar gong. Og så hugsar eg attende til mi eiga gymnastid, då vi las heile soga høgt i klassen, og der ein medelev plutseleg midt i teksten utbraut på brei vanylvsdialekt:

"Å, æ de ennj mannj?"

5 kommentarer:

  1. Frå Madame Butterfly til Gunnlaug Ormstunga?
    Bekrefter det eg alltid plar seie: Alle bøker handlar om det samme: Livet, døden, kjærleiken og havet(ev.reiser)EG las også om Gunnlaug på gymnas-på gammalnorsk, trur eg. Trur ikkje den gjorde særlig inntrykk den gongen.

    SvarSlett
  2. Eg trur ikkje det gjer særleg inntrykk på dagens elevar heller, dessverre :)

    SvarSlett
  3. Menneskenes hjerter forandres ingenlunde alle dager........".eller noko liknande?

    SvarSlett
  4. Ja, det er noko med det. Og litt vikingkostymedrama kunne ha vore artig.

    SvarSlett
  5. Dagens barn og unge er flinkare å lese bilde enn tekst, så dramatisering er ikkje dumt.Hugsar kor artid elevane mine og eg hadde det då vi dramatiserte Trymskvida.

    SvarSlett