torsdag 4. oktober 2012

Kvalitetskurs i amerikansk kultur og politikk

Eg har vore på kurs med Ulla Rahbek før, og ho er berre ein fantastisk kapasitet når det gjeld å bruke skjønnlitteratur til å forstå samfunnsutviklinga. I dag tok ho mellom anna føre seg det amerikanske fridomsomgrepet uttrykt i litteratur før og etter 9/11. Det var berre fantastisk lærerikt!

Andre økt av kurset handla om det amerikanske presidentvalet, og om tips til korleis dette kan brukast i undervisninga. Eg veit ikkje kor mykje av opplegga eg kjem til å bruke, men noko av det er sjølvsagt aktuelt. Eigentleg var eg på kurs for å oppdatere meg sjølv fagleg, så eg hadde truleg sett meir pris på fleire reine førelesningar om dette vanskelege og interessante emnet.


2 kommentarer:

  1. Fagleg påfyll er alltid kjekt - og det trengs - anten det vert direkte brukt i undervisninga eller ikkje.

    SvarSlett
  2. Eg brukte noko av det allereie fredag, og det var frå den andre delen av kurset.

    SvarSlett