tirsdag 9. oktober 2012

Triveleg trilletur


I dag hadde eg avtala med kollegavenninne K at ho skulle kome på besøk. Vêret skulle bli sånn passe surt etter meldingane, men brått skifta meteorologane meining og spådde strålande sol. Vi fekk oss ein kald, men fin tur til Mjeltvika, og etterpå prata og kosa vi oss inne. Vesleguten er berre ein storsjarmør, og "tanta" måtte knipse nokre bilete då han låg på golvet og sprella så smilande.

4 kommentarer:

  1. Skjønn gut!
    Eg var ute og rydda i hagen i fineveret. No når eg skal ut og gå, begynner det å regne ... Men med kjekt selskap vert det triveleg likevel!

    SvarSlett
    Svar
    1. Guten er skjønn, ja, og det er mora òg :)

      Slett
  2. Takk for tur og god bevertning. Det er berre å leggje ut bilete frå andre fine turmål, så kjem eg og masar om guiding. K.

    SvarSlett
  3. Du/ de er hjarteleg velkomne attende på besøk!

    SvarSlett