onsdag 13. juli 2016

Familietreff på Hareid

I dag var det familieselskap på Hareid. Mora og faren min hadde alle barn og barnebarn samla, i tillegg til nokre svigerbarn og -barnebarn. Vi fekk servert nydeleg suppe til middag, og diverse kaker og dessertar etterpå. Det viktigaste var likevel at vi møttest, og det vart ein minneverdig dag. Pappa blir 80 i november, og det er ikkje like lett å samlast til feiring då.

Eg legg berre ut bilete av meg sjølv, søsken og foreldre, sidan den yngre garde ikkje alltid er like glade for å bli offentleggjorde.

Stor takk til vertskapet!

3 kommentarer:

  1. Sjølv takk for besøket og kakene!
    Flott at vi fekk samla alle!

    SvarSlett
  2. Dette ser ut til å vere ein særs minneverdig dag. Lurt å feire på eit tidspunkt då alle er tilgjengelege! Ha ein fortsatt fin ferie med måling og turar!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Maling, tur og kakerestar i dag :)

      Slett