lørdag 27. august 2016

Løvekvinnen

I dag for Veslejenta og eg på kino i Ørsta, som to av om lag ti i salen. Eg var spent på filmatiseringa av den fine boka av erik Fosnes Hansen, og eg må seie eg ikkje vart skuffa. Det er vanskeleg å framstille nokon med pels utan at det verkar rart, men det gjekk overraskande bra. Ei scene frå København hadde noko kunstige kulissar, men elles var filmen velkomponert og ikkje minst godt spelt. Mest overtydande var faren til Eva, spelt av Rolf Lassgård, ein av favorittskodespelarane mine.

3 kommentarer:

  1. Det var få! Trudde det ville bli rift om billettane!
    Eg såg intervju med RL på frukost-tv. Elles ser eg at filmen har fått terningkast 4.

    SvarSlett
  2. Vi gjekk ikkje på premieren, men på ettermiddagskino laurdag klokka 17. Ei fin tid å gå på kino på, eigentleg. Rolf Lassgård var grunn god nok til å sjå filmen, synest eg. Han er utruleg god.

    SvarSlett
  3. Eg ser kva som helst -når Rolf Lassgård er med.

    SvarSlett