lørdag 4. juli 2020

1. juli: Hellevikhammaren (38 moh)

Turmålet onsdag var ein berghammar ute mot storhavet. Turen var estimert til 1 1/2 time, og vi brukte ikkje fullt så lang tid, sjølv om vi gjekk i roleg tempo og gjekk feil nokre gonger. Turen var godt merka, men det er eit terreng det er lett å gå feil i. Denne turen var meir myrlendt enn fjellturen dagen før, så vi vart litt våte i skorne til slutt. Ute på hammaren var det kraftig vind, men nydeleg utsikt rett mot havet, i tillegg til Utvær og Alden, som er dei mest kjende stadane i horisonten vest for Solund.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar