torsdag 2. juli 2020

25. juni: reise til Solund

På grunn av koronasituasjonen er det lite aktuelt å reise til utlandet i sommar, derfor tenkte eg at det kunne vere på sin plass å reise til Solund i år. Broren min ville òg utover, og vi enda opp med å leige kvar si rorbu i Hjønnevåg. Gutane og eg reiste heimanfrå torsdag morgon, og då vi kom fram ut på ettermiddagen var det framleis nydeleg og varmt ute, og Kongsberggjengen diska opp med pizza til alle saman.






Det vart høve til litt bading, og ut på kvelden gjekk nokre av gutane og eg oss ein tur for å sjå etter solnedgang. Det var veldig fint, men så vart det så mykje knott at vi ikkje orka å vente til sola sank i havet.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar