lørdag 4. juli 2020

2. juli: heimreise

Då eg var lita/ung, var det alltid vemodig å reise frå Solund. Farmor pla stå på trappa og sjå etter oss så lenge vi kunne sjå henne, og etter kvart lurte eg ofte på om det vart siste gongen eg såg henne. Ho levde mange år etter at ho flytta ut av huset og etter kvart kom på institusjon på Hardbakke, der eg òg besøkte henne. Siste gongen eg såg henne i live, var då vi feira 90-årsdagen hennar i 1999. I år er det tjue år sidan ho døydde, 91 år gamal.

Torsdag morgon var det tid for heimreise for Minstemann og meg. I staden for å ha litt knapt med tid til å køyre mellom ferjene, tok vi ei tidlegare ferje frå Halldorsneset og stogga ei stund på Hardbakke. Vi gjekk ein tur forbi sjukeheimen og til kyrkjegarden, der eg fann fleire namn på slektningar som har falle bort. Der stod òg ein minnestein for falne under krigen, der Sjur Trovåg er nemnd (han som vart torturert og drepen då han var med Jan Baalsrud og fleire). Minstemann synest eg er litt rar som likar så godt kyrkjegardar, men det er noko med namn, årstal og tankar på liv som er levde som gir meg ettertanke, i tillegg til at eg likar å minnast dei eg har kjent.


Turen vidare gjekk veldig kjapt og greitt. Det var ein del trafikk, men fin flyt og passeleg fart. Vi stogga på Bakar-Jon på Byrkjelo for å kjøpe med brød og kake heim, men nådde 16-ferja frå Anda og var heime før klokka 17 (ferja frå Krakhella gjekk 11.35). Resten av dagen gjekk med til rydding og klesvask for min del, medan Minstemann fann fram trommestikkene og dundra i veg etter ei vekes opphald.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar