lørdag 4. juli 2020

30. juni: Sperrefjellet (148 moh)

Tysdag morgon reiste broren min med familie, og berre Minstemann og eg var att i rorbua. Vi nytta då høvet til å gå oss ein fjelltur, etter å ha leita etter turmål på internett. Turen vi valde skulle ta om lag ein time og vere middels hard. Vi er vane med turskildringar frå Sunnmøre, og der ville turen truleg ha teke doble tida og vore rimeleg hard. I Solund tok turen 40 minutt i roleg tempo, den var godt merka og fin å gå på tørre berg. Ein kom først til Vesle Sperrefjellet, deretter til sjølve Sperrefjellet, som ikkje akkurat ruvar 148 meter over havet, men som byr på flott utsikt over gråbergøyane i Ytre Solund.
Vesle Sperrefjellet, Håfjellet bak til venstre

Postkassa ved Sperrefjellet

Nærbilete av berg


Meir nærbilete av berg

Berget er ikkje så einsformig som det kan sjå ut på avstand


Ytrøygrend og Alden i bakgrunnen

Utsikt mot Rørdalen

Ut på kvelden køyrde vi same veg til "Utsikten" som vi hadde gått tur til nokre dagar før. Planen var å sjå sola gå ned i havet, men havtåka øydela litt for den opplevinga. Vakkert var det uansett, og kanskje vi får sett solnedgang ein annan gong vi er der. Kanskje vi kan sitje på Sperrefjellet og oppleve både solnedgang og oppgang? Eg trur vi kjem til å reise attende ein gong, i alle fall.

Utvær fyr


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar