lørdag 4. juli 2020

Bok 44 2020: "Cross and Burn" av Val McDermid

I denne boka vert kvinner bortførte, mishandla og drepne, og Tony endar opp med å bli mistenkt. Carol har slutta å jobbe som politi, og ho har flytta inn i huset til den døde broren. Der endar ho opp med å få seg hund, noko som kan vise seg å kome vel med.

Det går framleis fint å høyre engelskspråkleg lydbok, sjølv om bøkene har varierande kvalitet. Denne var interesant ei heil stund, men slutten vart litt stilleståande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar