fredag 22. august 2008

Heile verda og litt av Volda


Frynsegoda er ikkje så mange i læraryrket, men i dag var det fjelldag - og dette kallar vi arbeid! det er ei glede å sjå elevane oppføre seg annleis enn på skulen, småprate om kor slitne ein eventuelt er og rett og slett sjå dei i andre omgjevnader. Turen i dag var lang, men ikkje særleg bratt. Vi vart bussa inn i Aldalen, gjekk til ei seter og deretter litt ulike retningar etter kor langt vi ville gå. Eg enda med å gå på Skarphornet og bortetter ein fjellrygg til eg kom til "Himmelvegen". Det vart mykje asfalt på slutten, men eg hadde godt selskap i kollegaer med diverse barn og dyr. Skritt-teljaren viste 25000 steg, 10000 meir enn den farefulle ferda sist søndag. Det var dessverre litt skodde og til dels overskya, men alle var samde om at vi hadde hatt ein flott tur.

4 kommentarer:

  1. Dette blir verre og verre! Du er jo blitt reine fjellgeita.Så mange steg går ikkje eg på eit heilt år! Bra å gå når det ikkje er så varmt-ein held som regel heten likevel.

    SvarSlett
  2. Eg hadde gått glipp av innlegget ditt om turen til Keipen. Det var nok ein spanande tur - og med bikkje! Må berre innrømme at eg også har angst for høgder og bratte heng. Måtte nesten krype enkelte plassar på nedturen frå Os-sætre for eit par veker sidan. Har tru på at trening på meistring er tingen. Går ein ruta ofte nok, blir ein tøffare. Eidbesta

    SvarSlett
  3. Pappa og eg har sett på fjellkartet, men finn ikkje namna du oppgir.Ja, Alldalen finn vi sjølvsagt, men diskusjonen går på kvar de kom ned att i Volda.

    SvarSlett
  4. Vadsteinssetra, Skarphornet og Himmelvegen til Olav T.

    SvarSlett