torsdag 30. april 2009

Bok 24 2009: "Kineseren" av Henning Mankell


I ein sein nattetime fullførte eg lyttinga til denne spennande krimromanen. Mankell er ein klar favoritt når det gjeld krimsjangeren, sjølv om eg til tider har vore mindre begeistra for filmatiseringa av Wallander-romanane enn for bøkene, som inneheld mykje interessant bakgrunnsstoff. I denne romanen får ein til dømes kjennskap til korleis kinesarar vart tvangssende til det amerikanske kontinentet for å bygge jernbane, og ein er i tillegg innom aktuelle problemstillingar på det afrikanske kontinentet. Personleg sette eg òg pris på ei reise til velkjende stader i London - til dømes Chinatown og den vesle parken på Leicester Square.

3 kommentarer:

  1. Det er ei stund sidan eg las denne boka no. men noko hugsar eg. Det var særlig bakgrunnsstoffet som var interessant , må innrømme at eg ikkje hugsar all verda av sjølve "mysteriet". Den historia med kineserane som vart henta til Amerika for å bygge jernbane, var ny for meg. Henning Makell sine romanar er som regel gode, og krim er sjeldan BERRE krim i hans bøker.

    SvarSlett
  2. Enig, kjekt å lære noko nytt.Og kjekt å få tankar i sving.

    SvarSlett
  3. Det som er minuset med Camilla Læckberg sin krim er at bøkene ikkje inneheld noko lærerikt! I Liza Marklund si bok En plass i solen lærte eg mykje om dyrking av hasj etc i Marocco og smugling derifrå til Gibraltar. Blant anna. Om det er kunnskap eg får bruk for, står att å sjå.

    SvarSlett