lørdag 25. april 2009

Fin Fredag




Så var det vinklubb igjen... Denne gongen var vi ni blide damer til bords, og vertinna hadde laga deilig mat som kunne fødd dobbelt så mange. Latteren sat som vanleg laust, og samtaletemaa varierte frå flekkfjerning (gjett kvifor) og korrekt oppbevaring av bunadssølv (Tupperwareboks på soverommet) til kjønnsskilnader i arbeidslivet (då hadde det begynt å bli seint).

(Kvifor er det forresten slik at menn på jobb seier "det ordnar seg", medan damer stressar og ordnar det, slik at mennene får rett?)


Vinen var veldig god denne gongen, med hint av "moderne solbær", i følgje vertinna.

Vi har samla permar med informasjon om vinar og vinklubbar som har vore, vi har eit spel som vi ikkje har fått tid å spele enno, og vi har vinbøker til inspirasjon og informasjon. Alt dette er samla i ein sportsbag med hjul, og den fungerer som stafettpinne.

Ein herleg kveld på slutten av ei tøff arbeidsveke.

3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. De er framleis velkomne til kjøttkaker i brun saus i morgon, om de ikkje forsmår.

    SvarSlett
  3. Aldeles ikkje - tvert imot - vi glær oss. Ingenting som Mors gilde kjøtkaker, veit du!

    SvarSlett