tirsdag 11. oktober 2011

27. oktober: Operasjon Dagsverk

Og Gamla er i full gang med førebuingane. Som lærar i VG1-engelsk og internasjonal engelsk ser eg det som sjølvsagt at eg orienterer litt om historia til det landet årets OD-pengar skal gå til, som er Rwanda. Eg har allereie begynt å vise filmen "Hotel Rwanda" i VG1-klassa, og så har eg bestilt "Shooting Dogs" for å samanlikne om den er betre. Begge er truleg grusomme, og eg sette elevane til å lese om Rwandas blodige historie før eg sette på filmen. Nokre las på norsk, andre på engelsk, og dei fleste var nokolunde budde på kva som ville kome på skjermen. Eg trur ikkje eg skal gjere noko særleg etterarbeid, men la filmen stå som motivasjonsfaktor framfor årets OD.

3 kommentarer:

  1. Hotel Rwanda har eg faktisk sett, sjølv om det ikkje er så mange DVD-filmar som blir vist her i huset.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Den er frykteleg, men spennande og lærerik. Eg har høyrt at det er blitt sådd tvil om motiva til "heltane" i filmen, men det er uansett eventuell manglande historisk sanning ei god historie.

    SvarSlett