lørdag 15. oktober 2011

Idol 2011 - kven heiar du på?

Eg heiar på tre gutar; Vegard, Isak og Henrik. Kanskje aller mest på Henrik, fordi han har det største særpreget. Det vert, som vanleg, fokusert på privatlivet til deltakarane, og om unge Henrik blir det fortalt at han har lide av anoreksi. I tillegg tileigna han i innleiande runde ein song til venninna si, som døydde på Utøya. Alt dette gjer kanskje at han får nokre sympatistemmer, men eg heiar først og fremst på han fordi han har ei nydeleg stemme.

3 kommentarer:

  1. Eg må innrømme at eg synest det vert noko langdrygt med dei innleiande rundene. Når dei ti beste er på plass, kjem eg nok til å følgje med. Litt for tidleg å uttale seg altså.
    I England har dei dradd det ganske langt i talentkonkurransar med at det er om å gjere å ha "lyte", dei som har vore mobba, stiller sterkt. Stem på stemma!

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje bewgynt å følge med heller. Sei frå når der er ti igjen! Eg ahr nok med danseprogrammet!

    SvarSlett