tirsdag 20. januar 2009

Dag med historisk sus


Det blir sagt og skrive så mykje positivt og fornuftig om Obama i dag at eg umogleg kan ha noko å tilføye. Dette vesle innlegget er berre ei lita privat markering av den store innsetjingsdagen. Verda ventar med spenning på om den nye presidenten verkeleg kan utrette noko, eller om han berre er ein fantastisk retorikar. Eg håpar ein vil hugse han for politikken han står for, ikkje berre som "den første svarte presidenten", sjølv om det i seg sjølv er ein siger for alle i USA med slekt frå andre verdsdelar enn Europa. Innsetjingstalen var eit frieri til folket om å stå saman og ta i eit tak i desse vanskelege tidene, og er det nokon som kan samle folket i USA, så må det vere Obama.

2 kommentarer:

  1. Eg såg heile innsetjings-seremonien på direkten og fekk ikkje med meg ALT han sa. Men dette var ei festtale på ein festdag og tente vel til det som var meininga -å få amerikanarane til å sjå håpet i ei vanskelig tid!Kvardagen kjem tidsnok.At han er eit sterkt symbol for alle farga menneske i USA er ikkje vanskelig å forstå. Men eg vil minne om at han er like mykje kvit som svart!

    SvarSlett
  2. Ja det var kjekt å sjå noko positivt på TV igjen. Får håpe det går bra og at ikkje familien blir utsett for attak av noko slag. Måtte innom Wikipedia og lese om både den eine og den andre presidenten. Har gløymt mykje, så det er fint å friske opp att.
    Eidabesta

    SvarSlett