tirsdag 27. januar 2009

Vengestekte pilotar

Når eg i fleire tidlegare innlegg har hevda at eg har verdas beste jobb, har eg sikta til den viktigaste delen av jobben: møtet med elevane. Undervisning er spennande og lærerikt - i alle fall viss ein er lærar - og eg blir stadig fascinert over kor mykje eg sjølv lærer både av fag og om menneske.

Dette innlegget er eit utløp for frustrasjon i høve til ein annan, og stadig meir dominerande, del av skulekvardagen. Nokon har fått det føre seg at ein absolutt skal kaste seg ukritisk på alle bølgjer med stor entusiasme og iver. Kritiske spørsmål og kommentarar vert feia til side, for vi får sjå korleis det går når vi skal evaluere "pilotprosjekta" i etterkant. Demokratiet på arbeidsplassen må vike til fordel for styringsrett; vi er "pilotar" anten vi vil eller ikkje.

Sjølv føler eg meg mest som autopilot.

1 kommentar:

  1. I samtale med tidlegare kollegaer frå skulen "min" kjem det fram at undervisningspendelen svingar tilbake, og at prinsipp som eg hevda og jobba etter det meste av mi tid, igjen er "god latin". Ein får bruke bondevitet sitt og gjere det ein sjølv får til å funke.Har ikkje tal på alle femer eg var med på å kaste meg på-og av igjen!

    SvarSlett