mandag 26. januar 2009

Lasso rundt herr Jones

Dei finaste stundene blir det sjeldan blogga om. Som kveldsturane våre, til dømes. Oftast går eg aleine under stjernene, eller så er det ein unge eller fleire som har lyst til å vere med. Hundane er med som påskot for å få frisk luft og mosjon.

No i kveld var det dei to yngste og eg som lufta hundar. Nummer 3 hadde hovudlykt på, og vi hadde mykje moro med å lage monsterskuggar på vegen. Og så var unge Indiana "tyv", og Nummer 3 var politi saman med politihunden Bau. "Tyven" vart fanga og bunden med hundeband, men han var snar å rømme. Det hadde vore praktisk om alle andre "tyvar" hadde vore like godt utstyrde med refleks.

4 kommentarer:

  1. Skulle gjerne vore med og gått tur på mørke vegar der ein kan sjå stjernehimmelen skikkelig.Her er det for mykje lys.Venus har vore så vakker på sørvesthimmelen i vinter, på klåre kveldar.Men Indiana har vel ikkje sans for slikt?

    SvarSlett
  2. Min versjon er at stjernene er englar med hovudlykt...

    SvarSlett
  3. Skulle tru du hadde gått i skule hos Mærtha og Ari. Men det er i alle fall ei poetisk forklaring.

    SvarSlett
  4. Meir mi form for humor - såg det liksom føre meg (eg går som regel med hovudlykt sjølv, men slår den av når månen og stjernene lyser).

    SvarSlett