lørdag 3. januar 2009

Heimekino

Fredag kveld hadde dei tre eldste og eg ein skummel kveld då vi i ei bekmørk kjellarstove sette i gang "Sweeney Todd" - ein skikkeleg splatterfilm med Johnny Depp i tittelrolla. Ungane sat mykje bak puter og pledd då blodet spruta på det verste, men ingen hadde mareritt natta etter (viss vi ser vekk ifrå han som drøymde at han dansa hiphop og gjorde mykje feil og ho som drøymde at ho gifta seg med ein mørkhuda mann). Laurdag kveld sit heile familien benka i stova med popkorn og potetgull og skal sjå "Prins Caspian". Mottoet mitt er: det er betre med gode filmar enn med dårleg TV.

1 kommentar:

  1. Eg var så dum at eg sette meg til å sjå ein "amerikansk komedie" på NRK.Det er ikkje første gong, så eg burde ha lært!Dei som er bra, har eg sett før.
    Skumle filmar i trygge omgivnader er ikkje skadelig,trur eg.

    SvarSlett