torsdag 1. januar 2009

Let it snow


Det nye året begynte vakkert med om lag 10 cm nysnø. Ikkje noko særleg då vi kjørte rundt fjorden, men fantastisk fint då Nummer 3 og eg gjekk lang tur med hundane i skogsvegen. Snø er veldig kjekt - spesielt for barn og hundar. Vi må kanskje til å leite fram skiutstyr til helga?

Når det gjeld nyttårsforsett, har eg ikkje så mange, men i år føler eg behov for å nullstille meg - og då meiner eg ikkje berre nullstilling av skritt-teljar og bokteljing, noko eg reknar med at dei fleste har gissa at eg allereie har gjort.

1 kommentar:

  1. Eg er ikkje sikker på kva du meiner med å nullstille, men det er sikkert fornuftig!
    Det eg burde/bør nullstille er inntak av kaloriar. Men det blir vel ikkje noko av, det heller.Og så skal eg blogge alle bøkene eg les, slik at eg held orden på det.

    SvarSlett