søndag 18. januar 2009

Gratulerer Nevø nummer 3


Biletet er frå august, då Nevø 3 og Niesa var her på feriekoloni. Guten som i dag blir 15, er ein aktiv fyr som er glad i å vere ute, bade og fiske. Slik sett passa det godt å kome hit på tur! Vi hadde det også kjekt ilag på ferietur i Sverige i juni i fjor, då badeland var det mest spennande. Ungane her likar fart og spenning, og det gjer Nevø 3 òg. Når eg ser på det vedlagde biletet, kjem eg på hans periode som "Woody" frå "Toy Story". Han gjekk rundt i rutete skjorte og farens gamle speidarhatt - ikkje heilt ulik vår eigen "Indiana" på den måten. Vi gratulerer så mykje med dagen, og så tek vi att feiringa neste helg!

3 kommentarer:

  1. Ja, eg hugsar Laser-Woody-skjorta som sende ut farlege strålar når har trykte på mansjettknappane.Alle, særleg gutar, har sine ideal og "femer" som vi seier her i Ørsta.Men Indiana og Woody har vel vore dei mest spesielle?

    SvarSlett
  2. Kan ikkje hugse at Nummer 2 har hatt slike "femer" - anna enn då han var "Kaptein Satan" i Ulsteinvik, med sverd og smokk.

    SvarSlett
  3. Det er nok dei to karane som har gått inn i ei rolle som ein annan og levd i ei anna verd.

    SvarSlett