lørdag 10. januar 2009

London calling - again


No har eg kjøpt billettar til eldstejenta og meg sjølv, så i vinterferien reiser vi nokre dagar til London! Det har vore ein draum for oss begge å kunne reise dit saman, og no blir det realisert. Eg har, i tillegg til fly og hotell, også kjøpt billettar til "Billy Elliot" og "Les Miserables". No står det att å finne ut kva anna vi skal finne på - "Madame Tussaud's" og "London Dungeon" er blant dei heitaste tipsa så langt, men her skal det lesast og surfast, må vite!

6 kommentarer:

  1. Du og Øystein er vel snart lommekjende der!

    SvarSlett
  2. Det er ikkje mogleg å bli lommekjend i London, men undergrunnen er eg ein reser på. Madame Tussaud's har eg ikkje vore på før, og London Dungeon har blitt mykje utvida sidan eg gjekk der aleine, gravid, i 1996. Wiviann stod utanfor etter å ha blitt skremd av han som tok inn billettane... Heldigvis var eg ikkje mørkeredd.

    SvarSlett
  3. Kan ikkje du arrangere ein bloggetur til London for oss som er litt redde av oss? Les Miserables....OMG! Det høyrest fantastisk ut. Billy Eliot har eg sett på film, er det eit teaterstykke og?

    SvarSlett
  4. Ja, Billy Elliot er musikal med musikk av Elton John. Vi håpar på fine dansescener! Eg har fått fleire tilbod om å arrangere Londonturar, og på skulen set eg elevane til å arrangere fiktive turar. London er ingen koseleg by, men der er så mykje å finne på og sjå at ein bør planlegge ein del på førehand for å "skreddarsy" turen etter interessene til dei som reiser. Hittil har eg vore der fire gongar, men det blir sikkert fleire...

    SvarSlett
  5. Øystein har snart vore guide for alle andre enn meg.
    Roma var ein oversiktleg by. Har ikkje London det meste samla?

    SvarSlett
  6. London er ganske oversiktleg, men det er ein enormt stor by! Kart over "sights" og undergrunnskart er "must". Eg er best på galleri og museum, men sikkert ein elendig guide når det gjeld shopping.

    SvarSlett